Konferanse på Nesna: Forebygging av vold, voldtekt og drap av kvinner
Kvinneuniversitetet inviterer til konferanse 27. august på Campus Nesna. Tema for konferansen er forebygging av vold, voldtekt og drap av kvinner.
Lenke til facebook-arrangement
Påmelding her! (innen 25. august)
Campus Nesna, Nord Universitet
Kvinneuniversitetet i Norden - KvinNor i samarbeid med LDO
Fleire offentlege utgreiingar har dokumentert vald, valdtekt og drap av kvinner. Det gjeld NOU 2020:17 Varslede drap? og NOU 2024:4 Voldtekt- et uløst samfunnsproblem. I gjennomsnitt blir åtte kvinner i Noreg kvart år drepne av sine partnarar. Valdtektsutvalet slår fast at valdtekt av jenter og kvinner, er eit likestillingsproblem, eit stort folkehelseproblem og stadig eit uløyst samfunnsproblem. Om lag kvar femte kvinne blir utsett for valdtekt. Det er ein aukande tendens, særleg for unge jenter. Dei samfunnsmessige kostnadene er store. Førebygging kan redde liv og redusere både fysisk og psykisk helseskade.
Målgruppe: Lærarar i barnehage og skole, helsepersonell, tilsette i krisesenter, studentar, kommunetilsette, politi, advokatar, politikarar på lokalt, regionalt og sentralt nivå og andre samfunnsengasjerte menneske.
Program for konferansen:
Kl. 10.30: Velkomen. Opning av konferansen.
Kl. 10.40: Likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon: Korleis kan lovverket generelt førebygge vald mot kvinner og korleis kan samtykkeloven gjere ein forskjell?
Kl. 11.05: Lena Bendiksen, leiar i Partnardrapskommisjonen: Korleis kan Partnardrapskommisjonen førebygge drap på kvinner?
Kl. 11.30: Sametingsrådsmedlem Ann-Elise Finbog: Vald i nære relasjonar i samiske samfunn.
Kl. 11.55: Spørsmål og diskusjon
Kl. 12.05: Lunsj.
Kl. 12.45: Samtale med forfattar Rakel Løvrød: Kva kan vi lære av legesaka på Frosta og korleis unngå at systematiske overgrep kan skje igjen?
Kl. 13.15: Rektor ved UIO, Ragnhild Hennum: Verden er i endring: Korleis forsvare kvinners liv og helse? (digitalt)
Kl. 13.30: Pause, med kaffe, kake og uformell diskusjon. Organisering til paneldebatt.
Kl. 14.00: Paneldebatt: Mona Nilsen AP, Helse- og sosialkomiteen, Hilde Grande FRP, Finanskomiteen, Bent-Joacim Bentzen SP, Justiskomiteen, med fleire. Debattleiar: Tor Martin Leines Nordaas, journalist, forfattar og kåsør.
Kl. 16.00: Avslutning.
Påmelding til konferansen innan 25. august: Påmelding under "Finn billetter" på facebook-siden, konferansen er gratis og åpen for alle, men du må melde deg på.
Informasjonskontakt: arna.meisfjord@hotmail.no